Restaurering av vindauge i kyrkjebygg
Mange av landet sine kyrkjer har store og flotte vindauge som utgjer ein viktig del av fasade og funksjon. Vindauga er ofte tilnærma originale og er gjerne fleire hundre år gamle.
For å sikre at vindauga held seg, også dei neste generasjonane, er det viktig at vedlikehald opretthaldast og at skadar blir reparert.
Mange lag med måling skjuler ofte underliggjande skader. Det er derfor lurt å utarbeide ein tilstandsrapport, samt ein plan for framtidig vedlikehald.
Alt dette og meir kan vi hjelpe med hjå Slinning Snikkarverkstad.
Trenger vindauga restaurering?
-
Vi gjer ei grundig undersøking av tilstand på staden og lyttar til dykkar erfaringar.
-
Vi kan levere tilstandsrapport. Her vil de få god oversikt over eventuelle problem, kva som bør gjerast, og kva som bør prioriterast.
Restaurering
-
Grunna store vindauge og komplekse konstruksjonar, er det hjå mange kyrkjebygg best å utføre arbeidet på staden. Vi ordnar stillas eller lift.
-
Restaureringa blir utført etter antikvarisk metode. Det er betre å vedlikehalde framfor å reparere, og det er betre å reparere framfor å skifte ut.
Ferdigstilling
-
Når restaureringa er utført, har vi ein felles gjennomgang for å sikre at resultatet står til forventningane.
-
De får eit FDV-dokument for framtidig vedlikehald, samt ein sluttrapport på arbeidet. Dette er ofte eit krav frå Riksantikvaren.