foto © Åshild Eikemo Slinning

Anders Slinning


Om meg: Det som skulle bli ein midlertidig jobb etter endt utdanning, blei etterkvart ein lidenskap. Som trearbeider og båtreparatør fekk eg mange lærerike utfordingar, og etter tre givande år hjå Ornes Båtbyggeri, tok eg steget ut og starta min eigen snikkarverkstad.

Utan ein klar visjon for kva eg skulle drive med, la likevel ting seg til rette slik at eg fekk fleire jobbar innan bygningsvern. Eg skjønte fort at dette var noke eg ville satse på. I familien eg kjem frå, kallar vi gjerne dette for “å vandre i ferdiglagte gjerningar” - ref. Ef-2:10 i bibelen.